Sommerkveldens melodi
Les meir her: https://lillesandsdaene.no/?p=960
Les meir her: https://lillesandsdaene.no/?p=960
Sumaren 2017 presenterte eg, saman med pianist Sverre Volle "Haugtussa" i tre kyrkjer i Sogn: Leikanger, Vangsnes og Ølmheim kyrkje.
"Haugtussa" er ei forteljing om kva som skjer når seksualiteten vaknar i oss. Arne Garborg fortel om kjærleik, svik, om ung lengt, svart raseri og den lange vegen mot forsoning. E. Grieg har skrive musikk til forteljinga, som er vert presentert som ein songsyklus på 8 songar i hans opus 67.
Notat etter konserten:
Dei som opplevde "ønskekonserten" frå 1950- 70talet har i dag eit spesielt musikalsk fellesskap. Melodiane og tekstane sit merkverdig godt, og tenk på alle minna som høyrer til!
Eg stiller spørsmål til min generasjon sin "ønskekonsert" Kva vert allsongen når eg vert pensjonist?
Det var så fint i går å sjå kor folk song med, kosa seg og mimra med glede og tårer.
- "Gangdøra heime" hadde eg ikkje høyrt på tredve år, men eg hugsa jammen alle versa!
Tusen takk til Indre Hafslo Spelemannslag for at eg fekk vere med, og takk til Prestegarden i Luster for flott mottaking.